Halsakammen

450 moh

Halsakammen er ein av dei trimpostane i Ålvundfjord som har flest besøk i gjennom året.

Sjøve «kammen» er ein fin hammar med god utsikt som  ligg rett ovanfor garden Hals i Ålvundfjord på 450 mht, og har merka sti/skogsvei heilt opp. 

Derifrå er det merka sti til toppen av Vardhaugen (650 moh) og til Stortuva (1050 moh). Bil kan parkeres ved leirskolen/leirstaden Solhøgda. Skogsveg og inn på merka sti fører til toppen. Utsikten fra Halsakammen er upåklageleg på ein godversdag.

Om startpunkt og GPS: Sjå turen for Vardhaugen.