Ålvundfjord har fleire trimpostar som kvart år er godt besøkt. Poeng etter lengde. Fleire turar har GPS-posisjonar i beskrivelsen.

I 2018 kom det opp mange nye skilt som viser veg til dei ulike trimpostane. 

Trimposter:

Halsakammen

Stortuva

Reinsetvatnet

Vardhaugen

Valåsen

Smisetnebba

Seljebøvatnet

Ålvundsetra

Særlinebba

Drøppingsetra

Myravatnet

Halsakammen

450moh

Sjøve «kammen» er ein fin hammar med god utsikt som  ligg rett ovanfor garden Hals i Ålvundfjord på 450 mht, og har merka sti/skogsvei heilt opp. 

Derifrå er det merka sti til toppen av Vardhaugen (650 moh) og til Stortuva (1050 moh). Bil kan parkeres ved leirskolen/leirstaden Solhøgda. Skogsveg og inn på merka sti fører til toppen. Utsikten fra Halsakammen er upåklageleg på ein godversdag.

Om startpunkt og GPS: Sjå turen for Vardhaugen.

Image of a woman taking a photo.

Stortuva

1030 moh

Stortuva er fjellet bak butikken og boligfelet Handlarstuhamran. Toppen kan nåes fra flere kanter.

Stortuva, 1030 m.o.h (8 poeng)

-Gå via Halsakammen, Ålvundsetra  eller Reinsetvatnet. Stien opp fra Ålvudsetra/Halsakammen må betraktast som lett klatring. Flott utsikt. 3 timer.

 

Turen kan tas på vinteren fra toppen av skiheisen på Ålvundeid. Herfra er det slak stigning innover fjellet over skoggrensa. På sommeren er det en fin tur om Halsakammen på merket sti/løype innover via Vardhaugen og opp bratt sti til ryggen av Stortuva. Fra garden Reinset er det en bratt merket løype opp til Reinsetvatnet og videre oppover lia til over tregrensa. Merket sti helt til topps.

Opp frå Hals og ned til Reinset kan anbefalast som ein tur med merka sti heile vegen. Det er også greit å gå ned forskjellige plassar på Ålvundeid utan at desse vegane er merka. Ned til Viset på Ålvundeid kan ein f.eks. følge den store kraftlinja som ikkje går sa langt frå Stortuva. (Arne Drøpping)

Reinsetvatnet

366moh

Start fra:

-Reinset gård, sti opp lia. Bratt, 45 minutter.  Der du tek av til Reinset frå rv.70 har denne GPS-posisjonen:

62°48´57,28″N og 8°31´1,63″ E        

 

-Åram (Ålvundeid) skogsvei. Lettare, muleg å trille barnevogn viss ho har gode hjul.  Men litt lengre å gå.

Ved Åram kan du svinge inn på ein lunningsplass. Pass på at du ikkje står i vegen for ev. tømmertransport. Der du tek av frå rv 70 har denne GPS-posisjonen:   

62°47´10,76″N og 8°30´37,92″ E

Vardhaugen

-Gå via Halsakammen eller Ålvundsetra. Flott utsikt. 1.5-2 timer.

Ein grei plass å starte er ved Sverkesli, 3-400m mot Rykkjem, nedover bakken frå Ålvundfossen. Her ligg det ein bolig og det går an å parkere på ein plass der det ofte blir arbeidd med ved. Pass på å parkere slik at du ikkje står i vegen for ev. arbeid.  Plassen har denne GPS-posisjonen: 

62°50´6,50″N og 8°31´33,54″ E   Når du startar på Sverkesli går du via Ålvundsetra.

Viss du går via Halsakammen kan du starte ved Solhøgda leirsted. Det er skilta dit. Kan parkere på ein tømmerlund her også. Pass på at du ikkje står i vegen for ev. arbeid.  Det går også an å kjøre eit lite stykke på vegen mot Drøpping(skilta dit). På bakketoppen der vegen tek av til Hals kan du parkere. Denne plassen har denne GPS-posisjonen: 

62°51´44,73″N og 8°31´0,52″ E

Valåsen

243moh

Start fra:

-Røkkum fellesbeite (ta av ved Drøppingskiftet mot Røkkum). Der den beste vegen går til høgre til Røkkun gard kan du gå eller kjøre vidare til Røkkum fellesbeite(fjøs). Lett trase, 30 minutter. Barnevennleg. Delvis merka og svært tydeleg veg/sti fordi det er mange som går her.

-Setervika på Neslandet (ca 1.5 km fra Røkkumfergekai) skilt ved veien. 45 minutter. Følg ein skogsveg nesten til toppen og tydeleg sti etterpå.

Smisetnebba

1175moh

-Start fra Smiset eller Rødset (Ålvundeid). Bratt og krevande. 3-4 timer på turen opp. 

Frå Smiset er det merka sti. Her du kjem du rett opp på toppen.

Ved å gå frå Rødset på Ålvundeid har du ei flott kjensle av å gå på fjellryggar i høgfjellet. Her er det ikkje merka, men i fint ver er det svært god oversikt over fjellet. Viss du går denne vegen ser du ei spesiell rogn som er planta i eit lunt hol like før toppen.

Viss du er ekstra sprek kan du få med deg både Flånebba og Smisetnebba på same tur.

Eg vil gjerne anbefale opp frå Rødset og ned til Smiset som ein flott tur.(Arne Drøpping)

Seljebøvatnet

153moh

-Start fra Seljebøsaga. Seljebøsaga ligg ca 800m frå Ålvundfossen, retning Tingvoll. (før skilta med 60-sone) GPS 68 grader 49 min 53,13sek N,  8 grader 30 min 47,09 sek E

Følg ny skogsbilveg som vart ferdig i 2013.  Lett trase, 30- 45 minutter. Skogsbilvegen er fin med sykkel og barnevogn. 

Like før Seljebøvatnet er det eit kryss. Ta til høgre der, men så til venstre like etterpå. Gå inn i terrenget(myrlendt) like etterpå.   

Eit alternativ med vandring i skogsterreng i staden for veg ved å starte frå «Steinbauta 1905» ca. 200m nærmare Tingvoll enn Seljebøsaga. (Greit å gå vegen første gongen for å bli litt kjent)

Oversiktsfoto ved startpunktet. Seljebøsaga.

Ålvundsetra

772moh

-Start fra Sverkesli (midt i Ålvundbrekka ca 3-400 meter nedanfor Ålvundfossen) Merka sti. Bratt, 45 minutter.

Det går an å avslutte turen her, men det går også an å gå vidare på merka sti til Vardhaugen eller Stortuva.ng for 

Om GPS og nærmare forklaring for startpunktet: Sjå turen for Vardhaugen.

Sørlinebba

625moh

-Gå opp fra Myravatnet, (sjå denne posten) ingen merka sti. Flott utsikt. 2 timer.  

Når du står midt i bygda, f.eks. ved butikken så er Sørlinebba synleg bak Mulvikknuken.  Dette er også ein fin fjelltopp, men vi har ikkje trimbok på dette fjellet.


Drøppingsetra

Start mellom Kobbskjeret og Vikatrøa. Kjør ca. 200m forbi der fjøset og hovudhuset er bygd saman.(ovanfor vegen) Frå lunningsplassen her går det skogsveg utan grindar. Vegen er ikkje tett merka, men det heng raude lokk i kryss der det kan vere tvil. Men hovudvegen går til Drøppingsetra. I 2007 vart skogsvegen forlenga heilt opp til setra der trimposten er. 

Fint å gå vidare til Vardhaugen og Stortuva, men det er ikkje merka sti. Til Stortuva går det an an å «Stigan» mot sør og så berre gå der du vil oppover mot toppen.  Frå Vardhaugen er det merka sti til Stortuva.


Myravatnet

220 moh

Start fra Sæsbø/Sæsbøfellesbeitet og deretter på sti til Myravatnet . Lett, 45 minutter. Barnevennleg.